Kjelsnes, eller Lille åssie, vaks opp i Kinn i Vestland, då det fortsatt heitte Flora og Sogn og Fjordane. Som ung vart han medlem av Norsk Målungdom, samtidig som han utdanna seg til å bli dansar via Sandane til New York. Dansen er lagt på hylla etter eit valdeleg møte med ei oslonatt, men Kjelsnes bur fortsatt i Oslo, og lagar musikk på gjesterommet sitt, i ei leilighet like ved huset til mormora si. Musikken hans er ofte inspirert av nokre av nevøane til Kjærleiken og Livet, og Kjelsnes er ikkje framand for skamlaus skuggekasting på eksen din.

«Livet er komplisert, og somme tider kan det vere av ein litt vond natur. Eg ser ikkje kvifor eg skal vere ein til person som pyntar på den kjipe røynda for almugen, berre for å gjere det vakkert på papir for dei som ikkje kjenner seg att i det? Ofte snublar vi i orda våre idet dei krøllar seg bakerst på tunga, grunna uønskt dissonans mellom forståing og intensjon, og det skjer gjerne i dei mest tilfeldige situasjonar, som når du ber om påfyll av kaffi, under ei idemyldring på kollokvie eller mens du har sex med ein person du enno ikkje veit kva heiter… Eg likar å dokumentere, og kanskje spinne litt videre på desse momenta, nett slik som dei var, og ikkje alltid vart.»

Då covid-19-pandemien inntok verda, tok Kjelsnes til å studere musikkproduksjon på nettskule. For å få til det ga han bort alle møblane i gjesterommet sitt, og innreda eit lite, kombinert musikkstudio og kontrollrom, med god hjelp frå far og mor sin. Inspirasjon finn han i alt han hører, men han hører ekstra godt etter på favorittane Nena, Charli XCX, Erasure og A.R. Rahman. «Eg burde og ramse opp Kate Bush, ho er dronninga mi, saman med Billy Joel, Madonna og Susanne Sundfør. Når du nevner favorittar på denne måten skapar det ei forventing om at du skal høyres slik ut, noko eg sjølv ikkje meiner at eg gjer, eller ønskar. Men dei er favorittane mine, og eg elskar dei…»

Du treng ikkje å hate eksen din for å kjenne deg att i låtane til Kjelsnes. «Det er heilt greit om du berre misliker eksen til bestisen din. Vi kan ikkje bruke tida vår på å gå rundt og mistenke eksane til kvarandre. Det skapar lite grobunn for optimisme eller framsyn, som samfunnet har bruk for. Men det er lov å ta seg eit kvarter og ventilere litt når det boblar over. Dessuten kan det like gjerne vere ein eks-autoritet, eks-bufelle eller eks-barista ein irriterar seg over, og ofte er det best å berre rope ut – og bli ferdig med det!»

Den nye EPen til Kjelsnes heiter «Det sosiale», og er basert på kjenslene rundt avhengighet til sosiale medier, og andre vonde forhold. Det er første gong Kjelsnes freistar å skrive på norsk. Første låt, «Den resolutte», slapp 10. november i år, og resten av låtane kjem stykkevis utover vinteren.